Historien om Hulda

MS Hulda R-82-R vart kjøpt til Rennesøy av Sigurd E. Håvarstein og Jon Jonsen Bakken, Vikevåg,15/03 1930.

Opplysningar frå svenske kjelder syner at «M/S Hulda» vart bygd av eik som nybygg til Ad. Olsson i Väjern, Sverige i 1908. Dimensjonane var oppgitt til å vera 12,48 m lang, 5,71 m brei og 1,78 m djup og skal vera målt i Lysekil, oktober 1908.

Ho vart seld frå Väjern i 1919 og vidare til Kalvö ved Havstensund, Strömstad, med fiskerinummer LL-660. Det er uvisst korleis og når skøyta kom vidare til Noreg og Stavanger, men ho står registrert i  fiskeriregisteret året 1920 med fiskerinummer R-38-S med eigar Andreas Hovda, Stavanger.

Det har vore oppgitt byggjeår 1913 i fiskeriregisteret. Det vart sagt at det ikkje var ein einaste jern- spiker i skroget. Skroget var kun ′′klinka′′ med trenaglar. Første motoren var ein 20 hk Skandia slik det vart oppgitt i 1920. Men då skøyta kom til Rennesøy i 1930, vart den oppgitt til å vera ein 16 hk Skandia. I 1943 vart det montert inn ein 30 hk Union motor bygd i 1940, og til sist ein 40 hk Wichmann motor frå 1959, som står i skøyta framleis i 2017. Denne har motor nummer 4677 og var først montert i «Sjødis» av Vedavågen. Då »Sjødis» vart kondemnert vart 40 hk’en tatt ut og montert selt til Karl Dalaker. Motoren vart montert på Vikevåg Slipp våren 1966. Denne motoren hadde stått lagra på kassefabrikken i Vikevåg, som brann i januar 1966.  Ein skifta til jernmaster ved Vikevåg Slipp, på same tid som maskinen vart skifta.

Skøyta vart bygd om i 1955 hjå brødrane Naustvik i Vatlandsvågen på Ropeid i Ryfylke. Ho var 42,4 fot lang, 16,9 fot brei og 6,8 fot djup. Etter ombyggjinga vart ho 47 fot lang, 18 fot brei og 6,8 fot djup. Det var ei omfattande ombyggjing. Skøyta var før sua og vart nå av type kravell som ny skipshud. Det vart sett inn nye spant og nytt dekk i henne. Ho fekk kjenningssignal LKKX. Om lag 1958 vart det laga nytt styrehus på «Hulda» av Otto Vestbø, Vikevåg medan ho låg i Vikevåg.  

Sigurd og Jon brukte skøyta for det meste til vintersildefiske og ein del fraktfart. Ho var også brukt til fyljar med notaskøyta, «Stjernen», om sommaren til brislingfiske. Dei førte også sauer frå Rennesøy til Selland i Hylsfjorden om forsommaren og tilbake om hausten. Bønder i Rennesøy, Mosterøy og dei søre øyane leigde Sellandsheia i Hylsfjorfjorden til beite. Om haustane vart ho også nytta til potetfarten til Bergen. Ein lasta 42 tonn, det var 700 sekker med poteter. Det var to mann om bord, og ein klarte to turar i veka til Bergen. Dette var mest på 60-talet fram til midt på 70-talet.

I 1953 overtok Jon som eigar av skøyta. Jon selde halvdelen av skøyta til Karl Dalaker same året. I 1954 kjøpte Karl ut Jon før ombyggjinga hos Brødrene Naustvik starta. I 1976, selde Karl halvparten til Bjørn Helland, og dei starta ′′ partsrederiet M/S Hulda ′′. Ho gjekk ut av fiskeriregisteret, 19/09 1972. Etter dette vart ho lite nytta til fiske, men nytta til fraktfart fram til 1986. Det var turar for Vikevåg Trelast, Vikevåg Slipp, og turar både for Rennesøy og Mosterøy idrettslag. Oppdrag var det og for både bønder og gartnarar med poteter, sauer og tomater.

Etter 1986 vart skøyta mest brukt som fritidsfartøy men med eit og anna lasteoppdrag.

1985 vart det montert eit enkelt toaletthus på babord side. Dette vart fjerna i 2010 då styrehuset vart reparert. 11/03 1988, selde Karl sin del (½) av ′′ partsrederiet ′′ til Bjørn Helland. I kjøpekontrakten vart det skrive at Karl kunne disponere Hulda når Bjørn ikkje brukte ho, så lenge han ønsket det. I 2005 tok Jon Tore Helland over «Hulda», som i dag er den eine som er att på Vikevåg av fiskeskøytene. Ho blir nå, i 2019, brukt som fritidsfartøy og har vore med på fleire av dei ulike kystkulturtreffa i fylket.

40 hk Rubben står framleis i skøyta. Ein 40 hk reservemotor som kom frå den tidligare Kvitsøyskøyta, «Austa», frå Tananger, vart 30/12 1980 kjøpt av Jostein Lundal og står i dag i verkstaden til Jon Tore.

Lat oss ta vare på «Hulda», skreiv dyrlege K. J. Lamberg i kulturminneåret 1997. 20 år er gått og «Hulda» ligg framleis i Vikevåg. Vi vonar ho vert halden ved like, så vi kan sjå dette kulturminne i Vikevåg i mange år ennå.

Vi tek her med det som K. J. Lamberg skreiv om «Hulda» i 1997. Når det gjeld den generasjon eg høyrer til så var båtar som «Hulda» ein naturleg og sjølvsagt del av kvardagen – av sjøtransport og fiske. Skøyter med namn som «Håpet» , «Nora», «Fru Vom», «Vona», «Dua», o.s.b. dunka traust og truge langs kysten. Også Rennesøy kunne syna fram ein rik flora av slike skøyter. Nå er det berre ei att, «Hulda». Ho er altså slutten på ein rik sjøfartstradisjon her i kommunen.

Ære vere dei som har teke vare på denne kulturperla! Som sagt – for oss eldre her ute ved kysten har slike skøyter vore ein naturleg del av dagleglivet, og dunkinga av motoren var like velkjent for oss som duren av motorsykkelen er for ungdomen i dag. Motordunken, ja, det var som hjarteslag, taktfast og tru- fast – anten det var «Rubb» eller «Union».

Romantisk? Ja vel. Men kan nokon tenkja seg hjarteslag som ein fleirsylindra bensinmotor eller diesel? Diagnosen her måtte vel næraste bli hjerteflimmer og kvalifikasjon for sjuke-husinnlegging. Motordunken i dei gamle skøytene derimot –  det var sunne normale hjarteslag – i ei stadig meir forvirra verd. Lat oss stella oss slik at me kan få høyra dei av og til ennå ei stund.

«M/s Hulda» si soge er lang. Ho var i si tid eigd av Sigurd E. Håvarstein og Jon Jonsen. Seinare overtok Karl Dalaker skøyta og hadde ho visstnok nokre år saman med Jonsen, før han vart eineeigar. No er da familien etter Bjørn Helland som eig ho. Opphavleg var ho klinkerbygd, ei gamal «svenska» som dei sa. (På mine heimkantar vart ei slik skøyta kalla «svenskebaska»). I 1955 vart ho bygd om og skroget vart slik det no er. Ho vart og forlenga noko. Motoren var opphavleg ein 30 hk., «Union». Den som står i skøyta i dag er ein 40 hk. «Rubb» («Wichmann»), og visstnok ein av dei siste av det slaget som vart produsert.

«Hulda» har vore bruka til så mangt. Ho har vore i Oslofjorden på brislingfiske, ført trelast frå Stavanger til Vikevåg Trelast, i den tid slikt vart transportert austfrå med jernbanen. Og ikkje minst kjenner ho leia til Bergen etter mange år i potetfarten – ei ferdsle som i seg sjølv er eit kulturminne. Ja ho har jamvel vore dyrlegeskyss ikkje så få gonger.

I dag, med moderne kommunikasjonsmidlar og «Rennfast», er det lite ei slik skøyte kan brukast til i næringsmessig samanheng. Dermed vert ho liggjande ubrukt – og det slit på ein gamal skrott. Men vedlikehald og opprusting kostar pengar. Og vedlikehald trengs det nå. Vert det ikkje gjort nå så risikerer ein at skøyta er tapt for alle tider.

Når det gjeld dei andre objekta som er valde ut av kommunen, er stoda ikkje så prekær – murane til dei gamle kvernhusa har lege slik dei ligg i årevis og forferst ikkje så fort. Lat oss difor gå inn på å ta vare på «Hulda» – eit kulturminne frå ei viktig tid i soga til øyane våre. K. J. Lamberg